Innlegg

Yom Kippur 5.10.22

Bilde
  Eg tykte denne messiansk-kristne teksten om morgondagens bibelske høgtid, Yom Kippur, forsoningsdagen, var verdt å lese. Eg har difor omsett den til norsk (bokmål pga Google).  Jødane markerer denne dagen med å faste frå solnedgang i kveld til solnedgang i morgon. I denne teksten er ei audmjuk og tilgjevande haldning halde fram som det viktigaste.   I det gamle Israel bar øvstepresten fram soningsoffer for folket sine synder denne dagen. 3. Mos 23, 26-28 seier at Israel skal audmjuke seg og bere fram offer ("isheh" brennoffer) og ikkje arbeide den dagen.  Vår måte å ofre på kan vere gjennom bønn, tilbeding eller lovsong.  Her er teksten: FINN FRIHET GJENNOM FORSONING  Yom Kippur er den største helligdagen i året på Guds kalender. Men hva gjør denne dagen så spesiell? Er ikke hver dag hellig? Siden Sønnen har kommet, er ikke hver dag hellig i Ham?  Se for deg en mann som prøver å fortelle sin kone at det egentlig ikke er behov for å feire jubileet deres lenger. "Du

Purim

Bilde
Denne helga er det Purim. Eg har alltid tenkt at Purim er ei jødisk høgtid, som ikkje vedgjekk meg. Det endra seg denne veka. Eg las i Esters bok, om korleis dronning Ester og Mordekai redda heile den jødiske befolkningen frå total utrydding under perserkongen Xerxses. Det slo meg at dette var ei veldig viktig hending for meg, og for alle Jesus-truande. Utan det jødiske folket ville Guds frelsesplan ikkje kunne gjennomførast og alle profetiane om Messias ville vore verdilause. Gud kunne ikkje la det jødiske folket verte utrydda! Ikkje rart at det vert minna med ei feiring. Så kvifor er det berre jødane som skal feire denne hendinga? Eg og vil feire Purim! Eg veit ikkje korleis eg skal feire Purim. Denne gongen får det bli med å lese Esters bok igjen og takke Gud for det som skjedde. Sjølv om Guds navn ikkje er nemnd i boka, så er Han der i det som skjer, i tilsynelatande tilfeldige handlingar som hjelper Mordekai og Ester å vinne over den vonde Haman og endre planane om folkemord. Este

Den åttande dagen Shemini Atzeretog ny start

  I dag 10. Oktober 2020 kan vi markere Shemini Atzeret. Den bibelske høgtida Shemini Atzeret, fell på den 22 dagen i den sjuande månaden (Tishri). Jødane kallar gjerne denne dagen Simchat Torah. På denne dagen startar dei på nytt rekka av bibeltekster som vert lese i synagogen. Denn dagen er fyrste dag etter løvhyttefesten og er siste opprinnelig bibelske høgtid på hausten. Dette er dagen for ny begynnelse. Det er den åttande dagen i Sukkot, løvhyttefesten, som varar i sju dagar. Men denne dagen har sitt eige innhald. Aron, som hadde villeidd Israels-folket til å tilbe gullkalven, vart innvigd som øvsteprest  for folket på denne dagen og fekk slik starte på nytt. Dagen er også eit varsel om ein ny himmel og ei ny jord. Vi kan markere denne dagen ved å starte ting på nytt, gjenoppta gode vaner, som til dømes daglig andakt, bibellesing og bøn. Etter forsoningsdagen, Yom Kippur, som vart oppfylt ved Jesu offer og løvhyttefesten der Gud syner at han vil ha fellesskap med oss, kan vi ve

Bli kjent med påskelammet

Bilde
Etter den hebraiske kalenderen er det i dag 10. Nisan. Nisan, eller Abib som den vart kalla fyrst, var nyttårsmånaden i følgje Gud. Påska si fyrste handling skjedde 10. Nisan. Vi går inn i historia mellom 9. og 10. landeplage i Egypt: 2. Mosebok 12, 1-6: Herren sa til Moses og Aron i Egypt:  Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året. Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. Vidare vart folket instruert i å smørje blodet frå lammet på dørstolpanr og gå i &quo

Endetida?

Bilde
Eg les at mange kristne no spør seg om korona-pandemien er eit endetidsteikn. Kristne bør lese Bibelen sjølv og halde seg til kva Jesus sa om teikna for endetida. (Matteus 24) Kort fortalt: Etniske konfliktar, krig, hungersnaud og jordskjelv. Jesus skildra det som fødselsrier. Eg reknar med at det tyder at både frekvens og intensitet aukar etter kvart. Deretter nemner han forfylgjing, falske profetar og at evangeliet vert forkynt for alle folkeslag. Pandemi nemnde han ikkje. Men ein pandemi av dette slaget kan jo i verste fall føre til både krig og hungersnaud. I den store trengsla er den fyrste av dei sju skålene byllepest. (Johannes' openberring 16) Sjølv om pandemien no er fæl for dei som opplever den, ser det ut som dette er ingenting mot det som vil kome. Jesus atterkomst vil kome overraskende på dei fleste, som storflaumen på Noah si tid, sa Jesus. Men kva med jordskjelva? Sjå denne grafen over jordskjelv sidan 1935, og legg særleg merke til dei